ÅRSOPPGJERSRUNDSKRIV 2011
Årsoppgjeret nærmar seg. Dette minner oss om tidsfristar for
- lønsoppgåver
- likningsoppgåver/rekneskapsavslutning
- momsoppgåver
Vi vil be Dykk:
- NYTT AV ÅRET!!!!: varelagerskjema (“blåskjema”) ligg dette året her på kunde.tveit.no, sjå i menyen til venstre. Desse kan De enten fylle ut og sende på e-post eller nytte elektronisk innsending via kunde.tveit.no (Elektronisk innsending vil bli tilgjengelig i løpet av januar 2012), eller skrive ut på “gamlemåten” og sende på papir.
- Avløysarlaga fyller ut lønsoppgåvene, også for løn til andre enn fast avløysar. Dei som ikkje får
avløysarlaget til å fylla ut lønsoppgåvene, må senda oss opplysningane innan 10.01.12.
- LØNSMELDING AV KÅRYTINGAR
Vi må ha inn opplysningar om foreldre eller andre som mottar kår (husvære, mjølk, egg, brensel
o.l.) frå garden!! Dei opplysningane vi treng er:
- namn og personnr. på dei som mottar kår
- kva yting dei mottar (t.d. husvære, ved, mjølk o.l.)
NB! Opplysningane om kårytingane må leverast så snart som råd, seinast den 10.01.12
Dei som har levert desse opplysningane tidlegare år, og ikkje har forandringar ( dødsfall eller fråflytting ), treng ikkje levera på nytt. NB! HUSK Å MELDA ENDRINGAR!!!
- Vær oppmerksom på at barn frå og med fylte 13 år kan skriva eiga sjølvmelding for eigne
lønsinntekter, medan renter og formue skal liknast på foreldra fram til fylte 17 år.
Frist for innlevering av likningspapir er 31. mai for næringsdrivande, og 30. april for ”ikkje
næringsdrivande” som leverer PSA (preutfylt sjølvmelding).
- Bilag som er datert i 2011, men som ikkje er betalt før i 2012, skal alltid vera med på det
rekneskapsåret fakturadatoen lyd på. Send difor med desse bilaga også.
- Som tidlegare år vert sjølvmelding for næringsdrivande sendt ut i byrjinga av april. I påvente av at denne
vert utsendt vil me prioritere ferdigstilling av sjølve næringsrekneskapen. Me vil difor be om at bilag
for 2011, samt årsoppgåver driftskreditt/bank og kontoutskrift leverandør blir sendt oss straks desse er
motteke. Når resten av årsoppgåvene er i hende (løns- og trekkoppåver, forsikringsselskap, aksjer/vps
m.m.) skal dei sendast over for utarbeiding/kontroll av sjølvmelding.
- Mva frist for jordbruk/skogbruk er som tidlegare 10. april, for andre næringar (tilleggsnæringar)
med årstermin 10. mars. Har du avgift til gode vil denne bli utbetalt 3 veker etter innsendt oppgåve,
difor viktig å levere denne så snart som råd.
Tveit Regnskap AS takker alle kundane for samarbeidet i året som
har gått og ynskjer alle ei GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR!!!